Slik får du betre struktur på studiekvardagen


Våre rådgjevarar deler tips som hjelper deg å få ein god struktur på studiekvardagen din.

Det å planlegge dagane sine gjer at kropp og hovud førebur seg til innsats. Det gir deg litt kontroll og gjer det enklare å evaluere eigen innsats.

Vidare ønskjer vi å hjelpe deg med å få gode arbeidsvaner, slik at du bruker tida meir effektivt!

Og ein ting til før vi startar: motivasjon bør ikkje vere ein føresetnad for å jobbe med studiar. Då kan du risikere å bli sittande lenge og vente. Forsøk å styre kvardagen etter ein plan, ikkje om du har lyst til å studere eller ikkje.

  • Studiedagbok
    Studiedagboka kan vere eit viktig verktøy framover til eksamen. Den hjelper deg med å planlegge dagane dine, og inviterer til ein definert start og ein definert slutt. Altså; den hjelper deg med å sette rammer.

  • Start i det små
    Start dagen med repetisjon av gårsdagen. Bruk 15-20 minuttar til å friske opp notater, power point eller tekst i eit kapittel. På den måten henter du fram gløymt informasjon. Når du så gyv løs på dei neste øktene vil du kunne koble gammal og ny informasjon betre. Du får betre innlæring og bedre forståing, då informasjon hektas saman.

    Dei påfølgande øktene bør vare maks 45 min, så pause. Det er enklare å motivere seg for korte økter. Planlegg så konkret så mogleg når du skriv opp kva du skal gjere. Døme: skumlese dei to første kapitlane i ei bok.

  • Læringsutbytte
    Læringsmål er viktig. Skriv ned kva du ønskjer å oppnå med dagen: kva vil du finne ut av? Kva skal du lære/forstå? Med eitt blir arbeidsdagen meir motiverande og tydeleg, for det du gjer fører fram til noko konkret. Det er veldig kjekt å kunne oppsummere veka på fredag med konkrete læringsmål for kvar dag som har gått.

  • Evaluer eigen innsats
    Kva fekk du gjort? Eller kva gjorde du i staden? Kva bruker du eigentleg tida på? Ver nysgjerrig, ikkje dømmende.
     
  • Kva treng du?
    Kva hindringar møter du på og kva treng du å endre på? Ved å identifisere mentale eller andre barrierer er det enklare å finne løysingar som kan hjelpe deg vidare. Sjå etter moglegheiter, del bekymringar med andre, be om hjelp eller kanskje senke forventningane du har til deg sjølv?

    Lykke til i eksamensperioden 😊