Finn ein studieteknikk

Er du usikker på korleis du bør jobbe som student? Her er nokre tips til gode studieteknikkar.

Som student står du ansvarleg for eigen læring. Det er likevel mange som ikkje veit korleis dei skal gå fram for å lære på ein effektiv måte. Me gjev deg tips til gode og velkjente studieteknikkar som kan hjelpe deg med å få mest mogleg ut av skolearbeidet.  

Hugs at studieteknikk er individuelt. Du må derfor sjølv finne ut kva studieteknikk som passar best for deg. Det er normalt at dette tek litt tid, og at du må prøve og feile for å finne din beste læringsmetode.  

 

Effektiv lesing med OSLO-metoden.  

OSLO-metoden, utvikla av superstudenten Olav Schewe, er ein metode for å betre hugse det du leser. Metoden bygger på fire punkt.  

  1. Oversikt. Bli kjend med boka slik at du får ein ide om kva boka handlar om. Les overskrifter, ingressar og oppsummeringar. Nokre likar også å skumlese i boka. 
  2. Spør. Det er enklare å lære dersom du veit kvifor du må lese det du les. Spør deg sjølv kva du skal lære, kva som er føremålet med å lese dette, og kvifor dette er pensum. 

  3. Les. No kan du sette i gong å lese. Hugs at du les ein tekst for å forstå den. Prøv derfor å fokusere på forståelse når du les. 

  4. Oppsummer. For å best mogleg hugse det du har lest kan det vere nyttig å oppsummere. Kva har du lest, kva er essensen i det du leste, og kva er det viktigaste du leste?  

 studenter.jpeg

Lag ein notatteknikk 

Å skrive notatar er nyttig for å hugse pensum betre. Det finst mange ulike notatteknikkar du kan ta i bruk: notatar for hand, notatar på PC, tankekart, markering rett i boka etc. Prøv å finne den teknikken som passar best for deg.  

Hugs at notatar handlar om kunsten å skrive til seg sjølv. Du skal skrive notatar fordi det har ein gjenbruksverdi for deg. Då er det viktig å bruke ein teknikk som du er komfortabel med og lærer godt av.  

Førebu deg til forelesning 

Du kan få eit stort læringsutbytte av å lese pensum i forkant av forelesningane. Ved å kjenne til teoriane som blir presentert i forelesing er det enklare å både kople seg på det som seiast i forelesning og å ha ei kritisk tenking til dei teoriane som presenterast.  

Notatar i forelesning: less is more 

Det er mange som tenker at å skrive slaviske notatar av det som blir sagt i forelesning er ein god studiemetode. Dette er ikkje naudvendigvis rett. Det er fordi du kan raskare miste tråden og at du ikkje brukar hjernen aktivt når du utelukkande noterer. Fokuser på å lytte til det som blir sagt, og skriv ned kun det viktigaste i stikkordsform. På den måten er det enklare å få med seg og forstå essensen av pensum.  

Spør om det du ikkje forstår  

Når du les pensum eller sit i ein forelesning er det heilt vanleg å ikkje forstå alt. Pensumbøker kan vere skrivne på eit tungt akademisk språk, og i forelesning snakkast det ofte i eit høgt tempo. Når du ikkje forstår noko: skriv det ned, og spør forelesar. Det er som regel alltid nokon som lurar på det same som deg, så ikkje ver redd for å stille dei spørsmåla du sit med. Om du ikkje tørr å stille spørsmål i plenum under forelesingen, er det låg terskel for å kontakte forelesar i etterkant av forelesingane. 

Prioriter pausar  

Å ta pausar er viktig for å halde konsentrasjonen oppe. Prioriter derfor å ta pausar når du studerer. Dette kan for eksempel vere å lese i 20-30 minuttar for så å ta en 5 minuttars pause. Du kan også halde arbeidsøktene dine like som i forelesningar ved å jobbe i 45 minuttar og ta pause i 15 minuttar. Prøv deg fram til kva som fungerar best for deg og din læring.  

Diskuter med andre 

Å diskutere pensum med medstudentar er ein effektiv og god måte å lære på. Du får satt ord på kunnskapen din og testa eiga forståing. Sett deg derfor saman med ein eller to medstudentar for å diskutere pensum og lære kvarandre teoriar.