Gjestetrening
Ta kontakt med aktuelt treningssenter for å sjekke om det er nokre restriksjonar på gjestetrening grunna smittevern o.a.
Kva er gjestetrening?
Med gjestetrening kan du som student trene gratis hjå andre samskipnadar. Du må ha eit aktivt medlemskap hjå Spenst Sogndal/Idrettssenteret i perioden du skal gjestetrene, og bruke medlemskortet ditt når du gjestetrener.
Skal du til Oslo eller Vestfold må du hente ut gjestetreningskort hjå Idrettssenteret.
Kvifor må eg ha med gjestetreningskort til nokre av sentera?
Sidan nokre av sentra ikkje har same chip-/kortlesar som dei andre, har me gjestetreningskort til deg som skal til desse. Det må hentast hjå Idrettssenteret før du reiser.
Når kan eg gjestetrene?
Som studentmedlem hjå Spenst Sogndal/Idrettssenteret kan du gjestetrene inntil 15 dager spreidd utover eit år. I tillegg til det, inntil to månader ubegrensa i sommarferien (i perioden 1. juni til 1. september). For å kunne nytta opp til to månaders samanhengande gjestetrening om sommaren, må ein ha medlemskap som er gjeldande i same periode. Gjer ein ikkje det, kan ein ikkje gjestetrene lenger enn til medlemskapets slutt.
Du må booke gruppetime via resepsjonen på senteret du besøker, og det er opp til kvart einskild senter når/og om du på førehand kan booke deg på gruppetimar.
Kvar kan jeg gjestetrene?
Med aktivt treningsmedlemskap kan du gjestetrene på desse følgjande plassane:
Agder
Bergen
Buskerud
Oslo (må ha med gjestetreningskort)
Stavanger
Narvik og Tromsø
Trondheim
Sørøst-Norge (må ha med gjestetreningskort)
Ås
Når er mitt treningsmedlemskap aktivt?
Anten har du betalt for 10 mnd, eller så har du eit løpande medlemskap som ikkje går ut før du seier det opp. Ta kontakt med Idrettssenteret om du er usikker på når medlemskapet ditt går ut.