Er du klar for å jakte trimpoeng?

Ny konkurranseperiode for haust 2022! Delta i vår trimpoengkonkurranse og vinn flotte premiar!

Saman arrangerar trimpoengkonkurranse for våre studentar og tilsette på kvart campus.

Konkurransen går ut på å gå og samle poeng på dei ulike turmåla me har satt opp i Sogndal. Det blir konkurranse i august til og med november! Du vil kunne samle ulike poengsummar på ulike turmål. Her er det berre å finne fram turklede og komme seg ut!

Premiering!

Premiar per månad blir trekt blant alle som har sjekka inn gjendande månad. (1 insjekking = 1 'lodd' i trekkinga)

Premiane vil variera, mellom anna ulikt turutstyr, gåvekort på varer/tenester o.l.

Avsluttande premiar blir trekt:

- blant dei 10 som har flest poeng ved konkurranseslutt (1 gåvekort à 500 kroner).
- blant dei 10 som har flest turmål ved konkurranseslutt (1 gåvekort à 500 kroner). Dersom det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng. 
Gåvekorta er frå sport- og fritidsbutikkar. 


Følg også med på vår Instagram for ulike enkeltståande konkurransar gjennom heile hausten!

Fotokonkurranse!

Post eit Instagrambilde frå turen og tagg @samansogndal. I tillegg må bildet sendast på DM (melding) til vår Instagram-konto. Det beste biletet blir premiert (gåvekort 500 kr) ved konkurransen sitt utløp. Obs. Me vil publisere nokre av bileta på vår Instagramkonto. 

Konkurranseregler!

  • Du må vere student ved HVL eller Fagskulen Sogn og Fjordane, eller tilsett i Saman.
  • Poeng for turane krever at du sjekker inn via Trimpoeng-appen.
  • Dei ulike turane gir ulike poeng, avhengig av lengde og kor krevjande turen er.
  • Du kan gå same tur fleire gangar, men med minimum 8 timars mellomrom etter kvart innsjekk.

God tur!

For nye brukarar: Du lastar ned «Trimpoeng» appen på mobilen, registrerer deg og opprettar brukar på "Saman Poengjakt Sogndal haust 2022". Her vil du få orientering om korleis du går fram vidare, og du vil finne kart over alle turmålane. Legg inn konkurransekoden SamanS22.


For brukarar frå i vår: Har du appen lasta ned på din telefon, kan du søke opp ny konkurranse i nærheiten. Der vel du "Saman Poengjakt Sogndal haust 2022". Legg inn konkurransekoden SamanS22. Har du gløymt brukernamn eller passord, så føl du veiledning via appen. 


Hugs å sjekke vèr og vind før tur. Turbeskrivelsar til mange av måla kan du finne på www.ut.no. Skal du på ein lengre tur, hugs mat og klesskift. Me understrekar at alle turar skjer på eiga ansvar. 

Problem?
Får du problem med innlogging i app: Prøv å logg inn med eige mobilnummer og få tilsendt passord på SMS.

Dersom du har delteke i trimpoeng.no før, men ikke mottek nytt passord:
Send mail til support@trimpoeng.no

Dersom du er på turmålet, men appen seier at du er for langt vekke: 
Opne Google Maps og la telefonen finne din posisjon
 gå tilbake i Trimpoeng- appen og oppdater.

Dersom du ikkje får sjekka inn på turmål av ein eller annan grunn:
Logg inn på Min side i appen og registrer turen manuelt. Ta bilde av turmål med screenshot av mobilen når dette oppstår 
 send mail til support@trimpoeng.no for registrering.

Dersom turane ikkje kjem opp i appen:
Gå inn på Innstillinger  Apper  Stedstjenester  Aktivere