Besøksordning for studentar frå andre samskipnadar

Studentar som betalar semesteravgift til ein samskipnad kan også nytta deler av tilbodet hjå alle andre samskipnadar. Her er ei oversikt over dei tenestene du som besøkande kan nytta hjå Saman.

Besøksordninga gjeld for alle som har betalt semesteravgift til ein av desse studentsamskipnadane


Trening
Du kan kjøpe medlemskap til ordinære studentpriser, så lenge du betalar semesteravgifta til ein av desse studentsamskipnadane

Vi har også ei ordning med gjestetrening du kan nytta deg av om du er medlem av treningstilbodet til ein annan studentsamskipnad. Dette inneber at du kan gjestetrene hjå oss i inntil 15 dagar i løpet av eit år, i tillegg til inntil to månader samanhengande i sommarferien (i perioden 1. juni til 1. september). 


Mat og drikke

Saman Mat & Drikke har rabatterte priser til alle studentar.


Bustad

Du kan søke om bustad hjå Saman, og prisen er den same for alle studentar. Vi har eit tildelingsreglement søknadane prioriteras etter.


Barnehage

Du kan søke barnehageplass hja Saman.


Helsetenester
Du er velkomen til å nytta deg av det gode helsetilbodet vårt, som også inkluderer rådgjeving og karrierevegleiingI perioder av året har vi noko ventetid og tilgang til tilboda vil difor vere avhengig av kapasitet.

Det einaste du ikkje kan nytta deg av er refusjonsordninga vi har gjennom Helsefondet, sidan dette er finansiert gjennom semesteravgift innbetalt til Saman.