Ny student i Sogndal?
Finn 'gjengen' din
Å bli med i ein studentorganisasjon er ein kjempe god måte å bli kjend med andre på. Her finn du ein oversikt over studentorganisasjonane i Sogndal:
Finn din studentorganisasjon
Skaff deg pensum
I bokhandelen vår, Fjordbok, finn du ferdig pakka pensumpakkar til ein god pris: Vi har og pensumlister til alle fag, slik at vi kan hjelpe deg å finne dei bøkene du treng. Du finn oss i 5.etasje i Høgskulebygget, rett ved sida av Kafé Campus.
Og du? Pass på å sjekke pensumlista først om du skal kjøpe brukte bøker. Det kan vere endringar frå år til år på same studium.
Nyttige appar
Det er mykje ein skal få med seg, og finne ut av som ny student. Her er appane som kan gjere studiestart og studietida enklare:
KVA SKJER?
Sogndal kommune sin nye app som skal samle alle aktivitetar og arrangement på ein plass, i tillegg til kart og praktisk informasjon. Som ein oppstart får studentane vere med å teste appen med heile programmet for fadderveka.
KVA SKJER? iOS / KVA SKJER? Android
Akademika
Dette er appen som kan spare deg for ein del kroner på pensum og anna rekvisita hjå Fjordbok. Bokkortet gir deg 50% på kvar 5.bok og det kjem gode rabattar og tilbod i appen i løpet av året.
Akademika iOS / Akademika Android
Trimpoeng
Appen som gir deg poeng for å gå tur! Saman har ein eigen konkurranse i Trimpoeng der ein kan vinne fine premiar kvar månad.
Les meir om vår konkurranse HER
Last ned Trimpoeng iOS / Trimpoeng Android
Mazemap
Finn fram på campus med Mazemap! Den viser romoversikt over alle bygga på campus.
Studentbevis/Student ID
Husk å ha med deg digitalt studentbevis i lomma. Last ned Studentbevis-appen, så har du den klar når du treng den.