Møt vår styreleiar Amalie

Sidan nyttår har student Amalie Johnsen Lunde (24) vore styreleier i Saman. Me har teke ein prat med ho for å bli litt betre kjent.

Kva studerer du?

Eg går 3. året på Økonomi og administrasjon ved NHH.

Korleis vil du beskrive deg sjølv?

Eg vil beskrive meg sjølv som ein positiv og engasjert person. Eg seier ja til det meste, og er ikkje redd for nye utfordringar.

Kva likar du å gjere på fritida?

Når eg ikkje er på jobb eller studerar, så set eg i kommunestyret i Vaksdal, der eg kjem frå. Eg er også veldig glad i å vere ute i naturen, og står mykje på ski no om vinteren. I tillegg held eg på med frivillig arbeid. 

Kva er årsaken til at du stilte til val i styret til Saman?

Eg har vore nestleiar i Velferdstinget sidan mars, så eg har vore involvert i student-politikk ei stund. Det var eigentleg ikkje planen å bli styreleiar i Saman, men styreleiarvervet var ein moglegheit eg ikkje kunne late gå ifrå meg! Det er ein moglegheit ein kun får ein gang, og eg synast det er eit utruleg spanande verv.

Kva er dine hjartesaker i vervet som styreleiar?

Eg er oppteken av å heile tida sjå framover, og finne ut korleis Saman kan utvikle seg for å gjere studentkvardagen best mogleg for alle studentar. Eg har reist mykje rundt og sett at tilbodet i regionane har blitt betre, men eg synast det er viktig å fortsette utviklinga her. Ein skal ha eit godt studenttilbod uavhengig av kor ein studerer på Vestlandet. I tillegg er eg oppteken av at me som organisasjon omstiller oss, slik at me klarar å inkludere fagskulane og deira studentar best mogeleg.

Psykisk helse er også eit område som opptek meg. I tillegg til å ha eit godt helsetilbod, så er det viktig at me jobbar førebyggande. Det kan gjerast ved å mellom anna skape gode møteplassar for studentar. Her bør me jobbe tett med utdanningsinstitusjonane for å få eit heilskapeleg bilete over korleis me kan gjere dette på best mogeleg måte.

Er det noko du vil føye til på slutten?

Avslutningsvis så vil eg sei at det er viktig for meg å vere ein tilgjengeleg styreleiar, og eg vil gjerne at studentar tek kontakt dersom dei har spørsmål, forslag eller det er noko anna. E-posten min er amalie.lunde@sammen.no 


Me gratulerer Amalie med styreleiarvervet og gledar oss til samarbeidet vidare!Amalie Lunde.jpg

Foto: Randi Kleppe, Vaksdalposten