Jobbe med sosiale media?

Vi er på jakt etter ein student som vil vere med på å gje følgjarane våre eit innblikk i kva Saman, studentlivet og bygda kan tilby studentane våre i Sogndal. Gjerne på ein kreativ og underhaldande måte.

Me ser etter.....

Deg som studerar ved HVL,  er tett på studielivet og har ein fleksibel kvardag der du kan ta på deg oppdrag som studentmedarbeidar.

Deg som er...

  • Utadvendt og uhøgtideleg
  • Kjennskap til Facebook, Instagram og kva som finnast der
  • Har erfaring med/kjenner til program for bilde-/videoredigering
  • Kreativ og engasjert
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • God på planlegging og struktur
  • God på kommunikasjon

Forventa arbeidsmengd for studentmedarbeidar vil vere inntil 10 timer per veke i den travlaste tida, med varierande arbeidstid og mengd. Mange av oppdraga vil vere på dagtid, men òg noko på kveld og i helg. Studentmedarbeidaren vil kunne nytta seg av fleire av Saman sine tenester. Stillinga er timelønna basert på arbeidsmengda.  

Du vil inngå i vårt sosiale medier-team der vi arbeider i lag med idéar og produksjon av innhald.

Har du lyst til å bli vår studentmedarbeidar? 

Søknadsfrist: 13. august