Studentforeiningar i Førde

Me har mange ulike interessetilbod i Førde. Kva er mest interessant for deg?

Studentsamfunnet i Førde (SiF)

  • Ei sosial foreining for alle førdestudentar.
  • Foreininga har mange undergrupper å engasjere seg i:

    • Krogjengen: frivillige som driftar Akutten. Arrangerer konserter, temakveldar, standup-kveldar, kviss og anna.

      • SiF Uteliv: for turentusiastar på alle nivå. Arrangerer fellesturar i og rundt Førde.

      • Studentklatregruppa: lågterskeltilbod for ute- og inneklatring. Tilbyr SiF-medlemmar å låne klatreutstyr gratis og arrangerer med jamne mellomrom brattkortkurs.

      • Førde studentvannsklieklubb - FSVK: Ta turen for ei svømmeøkt på Førdehuset, ein tur i vannsklia eller berre ein dupp i bassengkanten. SiF leiger symjehallen på Førdehuset kvar måndag 21:00-22:00.

      • SiF tilbyr i tillegg både studentfotball og studentvolleyball

    Linjeorganisasjonar, Studentting og andre fritidstilbod

    I Førde finn ein også fleire linjeorganisasjonar ein kan engasjere seg i, samt Studenttinget. Sjå her for meir informasjon om dette.

    For andre aktivitetar og fritidstilbod i Førde, sjå her.