Ord og uttrykk
Oppstartgruppe:
Eit mellombels styre som førebur danninga av organisasjonen ved å utarbeide naudsynte dokument, kalla konstituerande møte, formål med organisasjonen og meir. Dette er vanlegvis dei menneska som har eit ynskje om å starte ein organisasjon. Dersom du er åleine, men har ein god idé til ein organisasjon, kan du invitere andre til å delta i oppstarten. Dette kan du gjere ved å invitere opent frå plakater på fakultetet ditt eller gjennom eit opent Facebook-arrangement til eit informasjonsmøte om organisasjonen.
Vedtekter:
Organisasjonens lover som definerer namn, formål og regulerer drifta. Vi har lagt ut ein eigen mal for vedtekter på våre nettsider.
Budsjett:
Plan over organisasjonens økonomiske prioriteringar som beskriv kva inntekter organisasjonen skal ha og kva den skal bruke pengar på i den kommande perioden. Ein budsjettperiode følgjer vanlegvis kalenderåret, men ein kan også ha kortare periodar på eitt semester. Med kortare periodar unngår ein at organisasjonen bestemmer kva "det neste styret" skal bruke av pengar. Sjå også våre budsjett- og rekneskapsmalar, som ligg på nettsida vår.
Konstituerande møte/stiftelsesmøte:
Møte der organisasjonen blir oppretta. Her blir organisasjonens første styre valt, og vedtektene blir bestemt. Organisasjonen kan også vedta budsjett for kommande periode på stiftelsesmøtet.
Generalforsamling/årsmøte/GF:
Dei fleste organisasjonane har ein bestemmelse i vedtektene sine om at det skal haldast generalforsamling enten kvar semester eller ein gong i året. På dette møtet blir nytt styre valt i organisasjonen, og ein kan gjere vedtektsendringar. I tillegg er det vanleg å ha ei gjennomgang av rapportar (Beretning om drift siste året, samt rekneskap), og nye planar blir bestemde (Handlingsplanar og budsjett).
Protokoll:
Det skal skrivast protokoll (referat frå møtet) frå stiftelsesmøte eller generalforsamling. Desse skal "bekreftast" av to protokollunderskrivarar som skal signere referatet.
Referent:
Person som skriv protokoll/referat frå møtet.