Bli vår nye studentmedarbeidar!
Me er på jakt etter ein student som vil vere med på å gje følgjarane våre eit innblikk i kva Saman, studentlivet og byen kan tilby studentane våre i Førde. Gjerne på ein kreativ og underhaldande måte.
Du studerar ved HVL/fagskulen, du er tett på studielivet, har ein fleksibel kvardag der du kan ta på deg oppdrag som studentmedarbeidar.
- Utadvendt og uhøgtideleg
- Kjennskap til Facebook, Instagram og kva som finnast der
- Har erfaring med/kjenner til program for bilde-/videoredigering
- Kreativ og engasjert
- Kan jobbe sjølvstendig
- God på planlegging og struktur
- God på kommunikasjon
Forventa arbeidsmengd for Saman SoMe-reporter vil vere inntil 10 timer per veke i den travlaste tida, med varierande arbeidstid og mengd. Mange av oppdraga vil vere på dagtid, men òg noko på kveld og i helg. SoMe-reportaren vil kunne nytta seg av fleire av Saman sine tenester. Stillinga er timelønna basert på arbeidsmengda.
Du vil inngå i vårt sosiale medier-team der vi arbeider i lag med idéar og produksjon av innhald, i hovudsak til instagram story.
Har du lyst til å bli vår studentmedarbeidar? Fyll ut dette skjemaet
Søknadsfrist: søndag 11.sept kl. 23:59