Samtale i Førde

Få hjelp til psykiske helseplager og opplev meistring i studiane og kvardagen🧡

Saman psykisk helse

Vår studentrådgjevar er her for deg. Vi har god kjennskap til psykiske plagar og utfordringar, og kan hjelpa deg med å få det betre og meistra kvardagen på best mogleg måte.

Alle tilboda våre innan psykisk helse er gratis for studentar.

Ein-til-ein samtale

Møt ein trygg og nøytral samtalepartnar som du kan reflektera og dela ope med. Vi har teieplikt, og du treng ikkje tilvising frå lege. Snakk med oss om til dømes:

  1. Psykiske plagar

  2. Vanskelege relasjonar

  3. Søvnvanskar

  4. Bekymringar

  5. Livskrisar

  6. Studierelaterte vanskar

I samtalar kan du få tips og råd om korleis du kan jobba med deg sjølv for å få det betre.

Kontakt

Send Margit ein sms eller e-post for å avtale time. Beskriv kort kva det gjeld og at du er student, men hugs å ikkje skriva sensitive personopplysningar.

Psykolog Be om ein oppstartsamtale med vår studentrådgivar viss du ønskjer å prata med ein psykolog om større og tyngre vanskar.

Studentrådgjevar

Margit Larssen

Telefon: 41 66 90 06

Epost: student.forde@sammen.no Adresse: Svanehaugvegen 1 Høgskulen på Vestlandet, campus Førde

Opningstid

Tysdag: 08.00 - 15.30