Kaffiavtalen

Studentane har tala – kaffiavtalen 2.0 er her!

Kaffiavtalen er nærast blitt obligatorisk for studentane våre. Tilnærma ubegrensa mengder kaffi i løpet av eit heilt semester har vist seg å vere forlokkande.  

Det berykta tilbodet fører og til mange tilbakemeldingar på korleis avtalen kunne blitt enda betre. Veldig mange studentar har sagt dei gjerne vil fylle kaffien i sin eigen kopp, eller ha ein betre Sammen-kopp med lenger levetid enn tidlegare. Dei argumenterar med at det både vil være meir praktisk for studenten og mykje betre for miljøet.  

Vi er ikkje vonde å be når studentane har gode innspel, og oppfyller difor like gjerne begge ønskjer på ein gong! I haust lanserer vi ein Sammen-kopp, produsert av Camelbak, med ein garanti på heile 25(!) år.

Og ikkje nok med det; du kan og velje å bruke din eigen kopp når du fyller på kaffi. Vi er rett og slett i ein vinn-vinn-vinn-situasjon for studentane, miljøet og Sammen, når studentane no kan fylle kaffi i den same koppen gjennom heile studietida.

Kaffiavtalen er eit abonnement som gir deg rett til å drikke så mykje traktekaffi og/eller te du vil i eit semester, med eit oblat du fester på koppen for 350,-

Ein Sammen-kopp produsert av Camelbak, med en garanti på 25 år, kan kjøpes i lag med kaffiavtalen til innkjøpspris på 149,- (Ved kjøp av kopp utan kaffiavtale kostar koppen kr 349,-).

Har du ein eigen kopp du er glad i og ønskjer å bruke i staden kjøper du berre oblatet og fester det på koppen. Hugs å ta med deg koppen du skal bruke når du kjøper oblatet.*


*Det forutsetter ei glatt overflate på koppen til å feste oblatet på, og må romme mellom 2-3 dl.