Gje litt meir faen, du er god nok!

Det er ikkje jakta på det perfekte som er viktig for å ha det bra.

Studentane har aldri stilt høgare krav til seg sjølv enn i dag. Kvardagen handlar for mange om ein uoppnåelig jakt på perfekte karakterar, perfekt utsjånad og perfekt fasade. Svar frå over 50 000 studentar i Studentenes Helse- og Trivselsundersøkelse frå 2018, viser at draumen om desse ideala har ei rekke negative konsekvensar. Fleire studentar enn nokon gong slit med psykiske symptomplager, og aldri før har så mange følt seg einsame.

- Dagens unge studentar har skyhøge forventningar til seg sjølv. Klarar ein å senka krava berre litt til perfeksjon i alle situasjonar, trur eg det vil verka befriande for mange. Det er heilt sjølvsagt at ein ikkje kan meistra alt like godt. «Du er god nok som du er», er bodskapen vi sendar til dei nye studentane i år, seier leiar Rønnaug Tveit i Sammen Råd & Karriere.

 Saman skal vera stemma som senkar forventningspresset, og i semesterstarten gir klar beskjed om at det ikkje er jakta på det perfekte som er viktig for å ha det bra. Vi oppfordrar studentane til å gje litt meir faen i karakterpress, sommarkroppen, det gylne snitt på Instagram og alle andre rammer det blir forventa å passa inn i.

Studentane våre er meir enn gode nok som dei er!