Saman Poengjakt 2021

Saman vil oppmode alle til å bruke dagane sine på fine turar i det fri.  Bli med i vårkonkurransen til Saman og registrer poeng for turmål!

I tida me er inne i ønsker me å oppfordre alle til å oppretthalde fysisk aktivitet og treningsglede! Me har derfor laga ein turkonkurranse som vil pågå til og med 30. juni 2021.

Du får ulike poeng på utvalgte turmål i nærområdet, alt frå kortare småturar til høge toppar. Gjennom konkurransen vil du verte betre kjent med nærområdet ditt. Fleire turmål vert publisert fortløpande, har du gode tips til turmål så send dei gjerne til oss på epost!

Last ned Trimpoeng-appen frå google play eller app store for å melde deg på konkurransen. Legg inn konkurransekode: SAMAN2021 for å melde deg på den lukka konkurransen:  Saman Poengjakt 2021.

Konkurransereglar:

  • Du må vere student ved HVL eller Fagskulen Sogn og Fjordane 
  • Poenga blir automatisk registrert på trimpoeng-app'en.
  • Tal poeng avheng av lengda på turen og kor krevjande den er.
  • Poeng for turane krev at du sjekkar inn via trimpoeng-appen
  • Du kan gå samme tur fleire gonger, men med minimum 8 timars mellomrom etter kvar innsjekk

 Premie:

  • Frå første tur kan du vere med i trekning av fleire premiar utover våren 2021. Me gjev  premie til den med flest poeng, flest tal turar, flest ulike turmål, i tillegg til tilfeldige vinnarar. 

Påmelding
Last ned appen TRIMPOENG

  • Registrer deg og logg inn
  • Finn ein konkurranse
  • Legg inn konkurransekoden SAMAN2021 
  • Bli med på «Saman Poengjakt 2021»


Hugs å sjekke vèr og vind før tur. Turbeskrivelsar til mange av måla kan du finne på UT.no. Skal du på ein lengre tur, hugs mat og klesskift. Me understrekar at alle turar skjer på eiga ansvar, og me oppfordrar til ikkje å gå samla i større grupper med tanke på råd om smittevern. Ein held seg ellers til ei kvar tid til dei retningslinjene mynda gir rundt gjeldende restriksjonar.

Dersom du er i karantene/sjuk – hold deg heime til du er frisk og rask igjen!

Tag oss gjerne på Instagram @samansogndal eller @samanforde

Problem?
Får du problem med innlogging i app: Prøv å logg inn med eige mobilnummer og få tilsendt passord på SMS.

Dersom du har delteke i trimpoeng.no før, men ikke mottek nytt passord:
Send mail til support@trimpoeng.no

Dersom du er på turmålet, men appen seier at du er for langt vekke: 
Opne Google Maps og la telefonen finne din posisjon
 gå tilbake i Trimpoeng- appen og oppdater.

Dersom du ikkje får sjekka inn på turmål av ein eller annan grunn:
Logg inn på Min side i appen og registrer turen manuelt. Ta bilde av turmål med screenshot av mobilen når dette oppstår 
 send mail til support@trimpoeng.no for registrering.

Dersom turane ikkje kjem opp i appen:
Gå inn på Innstillinger  Apper  Stedstjenester  Aktivere