Få 10 gratis PT-timar!

Saman og Idrettssenteret har skipa eit prosjekt der du som student på HVL kan få 10 gratis PT-timar.

Prosjektet går ut på at du som student kan hjelpe ein annan student som studerar PT eller idrett, fysisk aktivitet og helse med relevant jobberfaring. PT-studenten vil skreddarsy eit treningsopplegg tilpassa dine behov og ynskjer og finne øvingar og treningsprogram som er tilrettelagt for deg. Dersom du allereie har eit treningsprogram du føl kan også PT motivere, rettleie og støtte deg undervegs i treninga. Uansett kva utgangspunkt du har i dag eller kva mål du har for treningen, er dette eit godt tilbod du kan nytte deg av. Treningen kan føregå i idrettssenteret sine lokale eller utandørs. Du treng ikkje vere medlem på idrettssenteret for å delta.

Me har 50 plassar tilgjengeleg, fyll ut skjema ved interesse. Tilbodet er gratis. 

Er dette noko for deg?

9ef06245-662b-48dd-8ab0-1c7100bb2ee3.jpg