Er du klar for å jakte trimpoeng?

Delta i vår trimpoengkonkurranse og vinn flotte premiar!

Saman arrangerar trimpoengkonkurranse for våre studentar og tilsette på kvart campus.

Konkurransen går ut på å gå og samle poeng på dei ulike turmåla me har satt opp i Sogndal. Det blir konkurranse i september, oktober og november! Du vil kunne samle ulike poengsummar på ulike turmål. Her er det berre å finne fram turklede og komme seg ut!

Premiering!

Premiar blir trekt blant alle som har registrert seg på minimum 10 ulike innsjekkingspunkt/turmål kvar månad (2 gåvekort à 500 kr per månad trekt ved månedsskiftet).
Premiar blir trekt blant dei 20 som har flest poeng 1. desember (2 gåvekort à 1000 kroner).
Premiar blir trekt blant dei 20 som har flest turmål 1. desember (2 gåvekort à 1000 kroner). Dersom det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng. 
Gåvekorta er frå sport- og fritidsbutikkar. 
Følg også med på vår Instagram for ulike enkeltståande konkurransar gjennom heile hausten!

Fotokonkurranse!

Post eit Instagrambilde, tagg @samansogndal. I tillegg må bildet sendast på DM (melding) til vår Instagram-konto. Det beste bildet blir premiert (gåvekort 500 kr) ved konkurransen sitt utløp. Obs. Me vil publisere nokre av bileta på vår Instagramkonto. 

Konkurranseregler!

  • Du må vere student ved HVL eller Fagskulen Sogn og Fjordane, eller tilsett i Saman.
  • Poeng for turane krever at du sjekker inn via Trimpoeng-appen.
  • Dei ulike turane gir ulike poeng, avhengig av lengde og kor krevjande turen er.
  • Du kan gå same tur fleire gangar, men med minimum 8 timars mellomrom etter kvart innsjekk.

God tur!

For nye brukarar: Du lastar ned «Trimpoeng» appen på mobilen, registrerer deg og opprettar brukar på "Saman Poengjakt Sogndal haust 2021". Her vil du få orientering om korleis du går fram vidare, og du vil finne kart over alle turmålane. Legg inn konkurransekoden Saman21.


For brukarar frå i vår: Har du appen lasta ned på din telefon, kan du søke opp ny konkurranse i nærheiten. Der vel du "Saman Poengjakt Sogndal haust 2021". Legg inn konkurransekoden Saman21. Har du gløymt brukernamn eller passord, så føl du veiledning via appen. 


Hugs å sjekke vèr og vind før tur. Turbeskrivelsar til mange av måla kan du finne på www.ut.no. Skal du på ein lengre tur, hugs mat og klesskift. Me understrekar at alle turar skjer på eiga ansvar. 

Problem?
Får du problem med innlogging i app: Prøv å logg inn med eige mobilnummer og få tilsendt passord på SMS.

Dersom du har delteke i trimpoeng.no før, men ikke mottek nytt passord:
Send mail til support@trimpoeng.no

Dersom du er på turmålet, men appen seier at du er for langt vekke: 
Opne Google Maps og la telefonen finne din posisjon
 gå tilbake i Trimpoeng- appen og oppdater.

Dersom du ikkje får sjekka inn på turmål av ein eller annan grunn:
Logg inn på Min side i appen og registrer turen manuelt. Ta bilde av turmål med screenshot av mobilen når dette oppstår 
 send mail til support@trimpoeng.no for registrering.

Dersom turane ikkje kjem opp i appen:
Gå inn på Innstillinger  Apper  Stedstjenester  Aktivere