Aktiv Saman

Ei teneste for deg som ønskjer å kome i gang med fysisyk aktivitet i ein eller annan form, men ikkje veit heilt kvar du skal starte.

Er du student og synes alle i Sogndal er spreke, medan du ikkje får det heilt til 

Fortvil ikkje, no kan du få hjelp til å kome i gang med den aktiviteten du ynskjer å drive med. 

Hausten 2019 starta Saman i Sogndal opp eit gratis lågterskel tilbod til studentar. «Aktiv Saman» er starta opp fordi me har erfart at dørstokkmila for å kome seg i gang med ein aktivitet kan verke lang for mange studentar.

Saman har tilsett ein aktivitetskontakt som ynskjer å hjelpe deg med dette, anten det gjeld å starta med klatring, gåtur, trene på treningssenter eller anna type aktivitet. Alt du treng å gjere er å ta kontakt via skjema under.

Deretter vert de einige om korleis og med kva de skal sette i gang. Målet er at du etter kvart på eiga hand skal bli trygg og å sjå gleda og nytten av å vere aktiv. 

Bli kjend med Nicolay

Hei! Eg heiter Nicolay og eg jobbar som aktivitetskontakt hos Saman i Sogndal. Eg er tilgjengeleg for deg som ønskjer å gjere fysisk aktivitet til ein del av kvardagen din, men som kanskje treng litt hjelp med å kome i gong. Dette er eit lågterskeltilbod som tilpassast dine behov og ønskjer, anten det er å byrje å trene for fyste gong, eller om du berre treng hjelp til å få oversikt over moglegheitene for fysisk aktivitet i Sogndal. Saman kan vi setje små eller store mål og møtast så ofte og lenge som du treng for å kunne fortsette aktiviteten på eiga hand.

Nicolay.jpg