Trening

Fosshaugane Campus

I Sogndal får du studentmedlemskap hjå Idrettssenteret AS. Dei driv Idrettssenteret på Campus, Spenst Sogndal i Kulturhuset og Sogndal Klatresenter i Sognahallen.

Hjå dei finn du eigne medlemsnivå og prisar for deg som er student.

For å kunne nytta deg av Studentspretten sine treningstilbod i hallen må ein vera medlem hjå Idrettssenteret.

Hugs å ta med deg studentbeviset ditt når du skal melda deg inn.

Gjestetrening


Kva er gjestetrening?
Med gjestetrening kan du som student trene gratis hjå andre studentsamskipnadar. Du må ha eit aktivt medlemskap hjå oss i perioden du skal gjestetrene, så bruker du chip/medlemskortet ditt når du gjestetrener.

Skal du til Oslo eller Vestfold må du hente ut gjestetreningskort.

Kvifor må eg ha med gjestetreningskort til Oslo og Vestfold?
Sidan sentrane i Oslo og Vestfold ikkje har same chip-/kortlesar som oss, har vi gjestetreningskort til deg som skal til Oslo eller Vestfold. Det må hentas hjå Idrettssenteret før du drar. 

Kor månge gonger kan eg gjestetrene?
Som studentmedlem hjå Idrettssenteret i samarbeit med Saman kan du gjestetrene inntil 30 dagar utover eit år. I tillegg til det, inntil to månader ubegrensa i sommarferien (i perioden 1. juni til 1. september). For å kunne bruke opp til 2 måneaders samanhengande gjestetrening om sommaren, må ein fornya medlemskapet for høstsemesteret, sidan vårsemester- medlemskapet går ut 30.06. Gjer ein ikkje det, kan ein ikkje gjestetrene utover 30.06.
Kan eg førehandsbooka og delta på gruppetimer?
Booking av gruppetime kan gjeras i resepsjonen på senteret du besøker, og det er opp til kvert enkelt senter kvor tidleg/og om du på førehand kan booke deg på timer.

Kvar kan eg gjestetrene?
Med aktivt treningsmedlemskap kan du i tillegg til hjå våre eigne senter i Trene Sammen Bergen, Haugesund og Stord kan du og gjestetrene her:

Agder
Buskerud
Oslo (må ha med gjestetreningskort)
Stavanger
Tromsø
Trondheim
Vestfold (må ha med gjestetreningskort)
Ås