Studentprisen 2022

Nåminasjonane er inne! Kåringa vil skje under VEKAO:eksklusiv 22.mars

Frist for nominasjon 12.03

Om prisen

Prisen for årets studentorganisasjon 2022 på Vestlandet er allereie utdelt, og vi er no på leit etter årets student 2022 i Sogndal og Førde.

Studentprisen kan delast ut til ein eller fleire studentar som har utmerka seg med eit spesielt engasjement kring studentsosialt arbeid i Sogndal eller Førde i 2022.

Prisen er på 10 000 kr i form av universal gåverkort og kan delast på fleire studentar. Utdeling vil vere under VEKAO 23 sponsormiddag 22.mars.

Ein jury beståande av representantar frå Saman, HVL og Studenttinget vil avgjere kven som får prisen.

Prosessen

Forslag med nominasjon av studentar må sendast inn til juryen.

Både studentar og tilsette ved Høgskulen eller Saman kan nominere.

Forslag må innehalde namn, kontaktinformasjon og ei god grunngjeving for kvifor nettopp denne eller fleire studentar bør få prisen. Lag ein beskrivande CV på den du nominerer, slik at juryen har bakgrunnsinformasjon om den nominerte.

Dei som sit i juryen kjenner ikkje alle studentane, det er difor vesentleg med ein utfyllande grunngjeving for den nominerte kandidaten.

 

Krav til dei nominerte

Fleire av desse kriteria bør vera oppfylte for at studenten skal bli vurdert av juryen.

Den/dei nominerte..

..er eller har vore student ved HVL i Sogndal eller Førde 2022/2023.

..har utmerka seg spesielt med å skapa eit godt studentmiljø

..har brukt vesentleg del av fritid på studentsosialt fremmande aktivitetar

..har vore med å utvikle positive nye aktivitetar innan studentmiljøet

Nominasjon 

Frist for innlevering av nominasjon er kl. 23:59 søndag 12.mars.