Studenthuset Meieriet

Studenthuset Meieriet har etablert seg som ei av dei beste studentscenene i landet. Det er studentane i Studenthuset Meieriet som står for den daglege drifta av huset. Saman har ein tilsett på Meieriet, som er dagleg leiar.

Men Meieriet er så mykje meir enn berre ei scene.

Det finnes heile 18 undergrupper til Studenthuset Meieriet ein kan melda seg inn i. Som aktiv medlem får du fleire fordeler enn dei vanlige medlemmane får. Snakk med undergruppene på stands eller på Studenthuset Meieriet og finn kva som passar deg best.

Undergruppene Sogndal er delt inn i ulike divisjonar:

  • Arrangement
  • Drift
  • Kreativ
  • Informasjon

Under kvar divisjon er det fleire undergrupper. Å vere aktiv i Studenthuset Meieriet er både sosialt og moro! Du kjem garantert til å bli kjend med folk, så det er ein ypperleg sjanse for nye studentar til å kome inn i eit aktivt studentmiljø.