Om utstyrsfondet

Utstyrfondet er studentforeningar sin moglegheit til å få støtte til innkjøp av utstyr frå Saman. Fondet er på kr 1 000 000,-, og er ope for alle studentforeiningar på vestlandet.


  • Kva? Eit fond der studentar på vestlandet kan søke støtte til å investere i utstyr til sin studentorganisasjon/-idrettsgruppe.  
  • Kor mykje? Fondet er på kr 1 000 000,-.
  • Når? Fondet har søknadsfrist den 1. oktober 2021.
  • Korleis? Du søker ved å fylle ut dette skjemaet.
  • Før ein søker: Sett deg godt inn i retningslinjene til fondet.
  • Hjelp? Dersom du har spørsmål til fondet eller søknaden kan du sjekke ut Q&A-sida, eller fylle ut dette skjemaet. 

Studentforeiningar og grupper spelar ei stor rolle i å motverke einsemd blant studentar, og ønsket er at utstyrfondet skal bidra til å skape/oppretthalde aktivitet i studentgruppene.

Fondet er opent for alle studentgrupper med organisasjonsnummer på Vestlandet. Dersom di gruppe treng støtte til utstyr som er tenkt til å vare lenger enn eit år, då er dette fondet for deg!

Kva kan eg søke om støtte til?

Du kan søke om støtte til kva som helst så lenge utstyret er tenkt til å vare lengre enn eit år. Ver obs på at det er sjeldan at søkesummar over kr. 100 000,- blir innvilga. 

Bortsett frå desse avgrensingane er det ingen tiltak som er for små eller for store. Då ulike grupper treng midlar til ulike ting er det ikkje ei liste over kva som gir støtte og kva som ikkje gir støtte - alt blir vurdert ut ifrå behovet til organisasjonen som søker.