Arrangementsfondet

Eit fond studentorganisasjonar kan søke midlar frå for å lage arrangement. Ny søknadsrunde!

oppdatert 10.09.21

I samband med studiestart hausten 2021 og ekstramidlar frå Stortinget, lanserar Saman Arrangementsfondet. Dette er eit fond som skal gje støtte til arrangement i regi av studentorganisasjonar i løpet av hausten 2021. 

Føremålet med arrangementsfondet er å stimulere til ny aktivitet blant studentane hausten 2021, slik at både nye og gamle studentar får moglegheita til ein god semesterstart!

Har din studentorganisasjon lyst til å arrangere konsert, idrettsdag eller noko heilt anna? Då er arrangementsfondet staden å søke støtte frå.

Søknadsrundar

Det vil vere tre søknadsrundar med frist 1. august, 1. september og 15. oktober. Under den første tildelingsrunden vil fadderveke- og velkomstarrangement bli prioritert. Det er satt av 1,5 millionar kroner i fondet. 

Kva kan ein søke om støtte til?

Arrangementsfondet skal gje støtte til studentorganisasjonar som har gode idear til nye arrangement. Tilskot vil bli gitt til nye arrangement som skapar aktivitet blant studentmassen og bidreg til auka studentvelferd. 

I tillegg kan det bli gitt støtte til kostnader relatert knytt saman til endringar av eksisterande arrangement grunna koronasituasjonen. 

I utgangspunktet vil støtte kun bli gitt til nye arrangement eller prosjekt, men dette vil vere ei heilskapleg vurdering basert på tal søknadar samt søknadane sitt innhald og kvalitet. 

Arrangement knytta til fadderveka blir særleg oppmoda om å søke raskt og til første tildelingsrunde. 

Arrangementsfondet støttar ikkje

  • Innkjøp av alkoholholdige drikkevarer.
  • Generell driftsstøtte for ein studentorganisasjon. Om din studentorganisasjon ynskjer å gjennomføre fleire forskjellige arrangement, må dette søkast om i individuelle søknader.
  • Generelle innkjøp eller investeringar.

Kva blir vektlagt i søknadane?

Vurderinga av kva arrangement som får innvilga støtte vil vere skjønnsmessig og søknadane blir vurdert etter følgjande kriteriar:

  • At tiltaket eller prosjektet skapar aktivitet blant studentane.
  • Oppstartsdato for prosjektet. Prosjekt med oppstart på tidleg haust 2021 vil bli prioritert.
  • Korvidt prosjektet er institusjons- eller fakultetsavgrensa.
  • Tiltak/prosjekt relatert til fadderveka kan bli vurdert sjølv om dei ikkje direkte oppfyller kravet om å vere eit nytt arrangement. 

Behandlingstid for søknadane

Søknadane vil bli behandla etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom din studentorganisasjon ønsker å gjennomføre arrangementet kort tid etter søknadsfristen oppmodar me dykk til å presisere dette i søknaden. 

I første tildelingsrunde vil det bli ei behandlingstid på ca. 14 dagar.

Slik søker du om støtte

Me oppmodar alle studentorganisasjonar som skal søke om midlar til å først lese gjennom retningslinjene for tildeling

Deretter er det å fylle ut søknadsskjemaet og legge ved budsjett til arrangementet. 

SØK HER

Gjennomføringsperiode for alle arrangement skal vere haustsemesteret 2021. 

Har du spørsmål?

Ta ein kikk på vår Q&A her, eller ta kontakt med Ida Søfteland på ida.softeland@sammen.no 

Sammen Studentliv kan bistå med veiledning både for digitale arrangement og tekniske løysingar og veiledning om smittevern på fysiske arrangement.