Ressursar og verktøy
Her finn du ressursar og verktøy de kan bruke no under korona, men også ressursar til den meir normale drifta.
Korona
Smittevern av arrangement
Er du usikker på korleis du kan smittevernsikre arrangementet ditt? Her finner du smittevernveileder frå Frivillighet Norge.
Det er også utarbeida eigne retningslinjer for nokre typar aktivitetar, til dømes kor og idrett. Desse organisasjonane føl opp dersom det kjem nye tiltak frå kommune/regjering, så det kan vere nyttig å følgje med på deira nettsider.
Planlegging av arrangement
Det er blitt meir utfordrande å arrangere noko no under korona. Smittevern må ivaretakast, og reglar og restriksjonar kan vere endra over natta. Samstundes er studentfrivilligheita viktigare enn nokonsinne - for å byggje tilhøyrsle og samhald. Me har derfor samla nokre ressursar til deg her.
- Opptak av arrangementet "Korleis halde arrangement under korona", dette blei sendt live tidlegare i haust av SiO - studentsamskipnaden i Oslo.
- Når du planlegg arrangement kan det også vere nyttig å gjennomføre ei risikovurdering. Her finn du ein god mal for det.
- Me veit at fleire har måtte avlyse arrangementa sine denne hausten grunna endringar i restriksjonar. Det finnst måtar å planlegge våren på som gjer at de kan ta høgde for desse endringane og slik unngå å måtte avlyse. Her finnst det både ein video, og ein artikkel, begge laga av SiO - studentsamskipnaden i Oslo.
Saman-veiledar: Digitale arrangement og verktøy
Økonomimalar
- Budsjett, rekneskap og forenkla balanseoppstilling
- Budsjett, rekneskap og utførleg balanseoppstilling
- Utleggsskjema
Til kurs i Grunnleggjande rekneskapsføring: