Den vanskelege samtalen

Kurset er for leiarar, styremedlemmar og andre som er involvert i personalsaker eller driv med leiing i organisasjonen. Kurset vert gjennomført digitalt

Du lærer...

  • Om kvifor du skal våge å ta samtalen, og teikn på at du bør ta den
  • Om vanlege feller som aukar konfliktnivået, og korleis unngå desse
  • Å formulere deg sånn at andre ikkje går i forsvar
  • Teknikkar som gjer det mindre ubehageleg å vere direkte i møte med andre

Tid og stad

  • Tysdag 9. februar kl. 10:00 - 14:00
  • Tysdag 9. mars kl. 10:00 - 14:00
  • Torsdag 8. april kl. 10:00 - 14:00

Kurset vert på Zoom. Som påmeldt deltakar vil du motta lenke i forkant av kursstart. 

Forpliktande påmelding: når du melder deg på kurset forpliktar du deg til å delta. Hugs å melde deg av i god tid dersom du likevel ikkje har anledning.