Studie- og karreiererettleiing

Rettleiing innanfor studiet, eksamen og vegen vidare.

Studierettleiing

Studiekonsulentane hjå HVL kan hjelpe deg med spørsmål om opptak, studium, utdanningsplanar, eksamen og annan rettleiing i løpet av studietida. Du kan også få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.

Karrieresenteret

Karrieresenteret ønskjer å hjelpa deg med vegen vidare. Dei kan gi deg gode råd og tips til CV og jobbsøknad, og held mellom anna jobbsøkarkurs for studentar.