Semesteravgifta

Kva er semesteravgifta?

Som student ved ein utdanningsinstitusjon som er tilslutta Saman/Sammen, har du tilgang til alle våre tenester. Forutsetninga er at du betalar semesteravgiften, som bidreg til å finansiera dei gratis velferdstilboda våre. Skal du ha studielån hjå Statens Lånekasse eller gå opp til eksamen, må du og ha betalt semesteravgiften.

Semesteravgifta til HVL er på 750 kr. 550 kr går til Studentsamskipnaden og 200 kr er kopi- og læremiddelavgift.

Alt studentane betalar inn blir i sin heilheit nytta til velferdstiltak for studentane i regi av Saman:

  • Helsefondet, Saman Helse, Saman Råd og Karriere
  • Stønad til mellom anna Studentdemokratia og studentorganisasjonane

Saman sine andre tilbod, Saman Bustad, Saman Kafé, Saman Trening og Saman Barnehage får ikkje tilskot frå semesteravgifta.

 

Eg betalar semesteravgift til ein annan studiestad. Må eg då betala semesteravgift til Saman og?
Hovedregelen er at du berre betalar semesteravgift ein stad, til institusjonen der du har ditt hovedstudie.

Gyldig studentkort frå studieinstitusjon i annan by vil gi deg samme rettigheiter som om du betalte semesteravgift til Saman.

Merk: dette gjeld ikkje refusjon av helseutgifter, psykolog og tannlege. Du vil heller ikkje bli prioritert til bustad ved tildeling for haustsemesteret.