Søker nye styremedlemmar

Styret vårt består av representantar frå skulane, våre tilsette og studentar. Styreleiar er alltid ein student.

Vil du vere Styreleiar i Saman?
Som styreleiar i Saman er du overordna ansvarleg for Studentsamskipnaden på Vestlandet, og er Saman sitt ansikt både innad og utad. Du leiar og setter agenda til styremøtene. Du er bindeleddet mellom Saman og Velferdstinget. Du skal vere godt kjend med omfanget av verksemder, interne mekanismer, virkeområder og prosjekter i Saman. Du vil også vere ein offentleg person og må rekne med deltaking i nyheitssaker.

Vil du vere Styremedlem i Saman?
Som styremedlem i Saman har du møteplikt til Saman sine styremøter. Du skal møte førebudd til styremøtene og ha god kjennskap til Saman sine virksomhetsområder. Som styremedlem er du ein del av det øverst ansvarlege organet i Saman og har via det økonomisk, strategisk og juridisk ansvar.

Kva er Samanstyret?
Styret er Saman sitt øverste organ, og har det ordnede ansvaret for verksemda. Styret handsamar saker av prinsipiell og strategisk betydning, i tillegg til saker av stor økonomisk betydning. Eksempel på saker er slutningar om investeringar, og vedtak av strategi. Styret etablerar mål og setter kurs for å nå desse gjennom planar og budsjett, og skal forvisse seg om at verksemda er på rett kurs.

 Styret har ti medlemmar, der fem er studentar, tre er vald hjå dei tilsette og to representantar er oppnevnt av dei største utdanningsinstitusjonane, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Styret sluttar mellom anna Saman sin interne organisering, samt organisasjonens strategiske prioriteringar, budsjett og investeringar. Og styret har det overordna ansvaret for studentsamskipnaden.

Du kan melde din interesse til valgkom@vtvest.no eller via søknadsskjema.