Les meir om Studentsamskipnaden på Vestlandet - Saman

Vi er ein samskipnad som jobber for at studentar på Vestlandet skal få ei flott studietid

I Sogn og Fjordane skriv vi nynorsk, og nyttar difor nynorsk versjon av Sammen: Saman. Saman er en samskipnad for studentar som betalar semesteravgift til ein av lærestadane knytt til samskipnaden. I Sogn og Fjordane er dette Høgskulen på Vestlandet.

Når du har betalt semesteravgiften får du tilgang til Saman sine velferdstilbod. Vi driv barnehage, helsetenester, bustader, kafear, studentkroer med meir. Nokre av tenestene våre er gratis for deg som student, og prisane forøvrig skal vere konkurransedyktige og rimelegast mogleg for studentar. Alt vårt overskot går tilbake til studentane, i styret vårt har studentane fleirtal og styreleiaren er og ein student.

Saman med utdanningsinstitusjonene arbeidar vi for å utvikle det heilskapelege læringsmiljøet for studentar i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugsesund. Ved å tilby gode velferdsordninger og et fagtilbod av høg kvalitet, vil vi i samarbeid gjere Vestlandet til ein attraktiv plass å studera.