Studentprisen

'Årets student' 2018 blir kåra 21.mars! Vi har fått inn mange gode nominasjonar!

Prisen vil bli delt ut under sponsormiddagen til VEKAO 21.mars.

Om prisen

Studentprisen kan delast ut til ein eller fleire studentar som har utmerka seg med eit spesielt engasjement rundt studentsosialt arbeid i Sogndal eller Førde i 2018.

Prisen er på 10 000 kr og kan delast på fleire studentar. 

Ein jury beståande av representant frå Saman, HVL, styreleiar frå Studenthuset Meieriet og lokal leiar i Studenttinget vil avgjere kven som får prisen.

Prosessen

Forslag med nominasjon av studentar må sendast inn til juryen.

Både studentar og tilsette ved Høgskulen eller Saman kan nominere.

Forslag må innehalde namn, kontaktinformasjon og ei god grunngjeving kvifor nettopp denne eller fleire studentar bør få prisen. Lag ein beskrivande CV på den du nominerer, slik at juryen har bakgrunnsinformasjon om den nominerte.

Dei som sit i juryen kjenner ikkje alle studentane, det er difor vesentleg med ein utfyllande grunngjeving for den nominerte kandidaten.

 

Krav til dei som skal nomineras

Nokre av desse kriteria må vera oppfylte for at studenten skal bli vurdert av juryen.

Den/dei nominerte..

..er eller har vore student ved HVL 2018/2019.

..har utmerka seg spesielt med å skapa eit godt studentmiljø

..har brukt vesentleg del av fritid på studentsosialt fremmande aktivitetar

..har vore med å utvikle positive nye aktivitetar innan studentmiljøet

Nominasjon 

Frist for innlevering av nominasjon var kl. 23:59 onsdag 13.mars 2019.