Status på våre tilbod

Her finn du løpande informasjon om våre tilbod med tanke på situasjonen kring Covid-19. Dersom du har spørsmål og du ikkje finn svar på nettsida vår, kan du sende ein e-post til post.sfj@sammen.no.

Oppdatert 10.11.2020

Saman Pratelinje

I Saman har vi lagat ein pratetelefon du kan ringe for å snakke om kva som helst. Her kan du ringe inn for ein prat, utan at det treng ha eit anna føremål enn å lufte tankane dine. 

Vi held pratelinja open kvar dag, også i helgane, mellom klokka 9.00 - 18.00.
Du treff oss på telefonnummer: 908 49 989
 

Meir informasjon finn du her.

Saman Mat og Drikke

Kafé Campus Sogndal 09:00-15:00
Saman Kaffibar Sogndal Stengt fom tors. 12.11 inntil vidare

Saman Råd og Helse

Studentrådgjevar og psykolog er tilgjengeleg som vanleg både ved besøk og digitalt. 

Dersom du har symptom eller har vore i nærkontakt til nokon som kan vere smitta av Covid-19 skal du ikkje møte opp hjå rådgjevar eller psykolog. Du vil framleis kunne gjennomføre samtalen, men må då avtala å ta den digitalt.

Helsestasjon for unge vaksne er open tysdagar, men ein må avtala tid på førehand for å unngå kø og samling av for mykje folk på venterommet.
Meir informasjon om dette finn du her.

Saman Bustad

Vår bustadadministrasjon har ope måndag til fredag, 08:00 - 15:30. 

Hugs at dersom du er i karantene eller har symptom, så må du holde deg heime. Då kan du kontakta oss på telefon 55 96 88 33 eller e-post post.sfj@sammen.no.

Drift går som normalt, og både reinhaldarar og vaktmeistrar har gode rutiner mtp smittevern. 

Dersom du sit i karantene eller isolasjon på ein av våre bustadar er det viktig at du gir beskjed til oss via dette skjemaet


Saman Barnehage

Drift går som normalt, med gjeldande smittevernstiltak.