Søk midlar frå Trivselsfondet

Trivselsfondet 2022 har slått saman trivselsfondet, utstyrsfondet og aktivitetsfondet til eitt!

Trivselsfondet 2022 ønskjer å støtte tiltak som bidreg til aktivitet for studentar på Vestlandet, og fondet sine overordna mål er å tilrettelegge for nye vennskap.

Både enkeltpersonar og studentorganisasjonar kan søke om støtnad, men krava varierar litt avhengig av om du søker som gruppe eller individ. Studentorganisasjonar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke som ein organisasjon.

Behandlingstida på søknadar vil vere på om lag 1-3 veker, og det er ikkje mogleg å søke om støtnad til aktivitet som allereie har blitt gjennomført.  

Korleis søke?

Finn ut om du skal søke som enkeltperson eller som studentorganisasjon og les informasjonen som er relevant for deg lenger ned på sida.

Ved alle høve må eit budsjettdokument leggast ved søknaden.

Søker du om eit lågterskel tiltak må du lage eit budsjett for tiltaketfør du kan søke.

Søker du om stønad til eit større arrangement må du skrive ein forklarande søknadstekst i tillegg til eit budsjett for arrangementet før du søker. Desse bør vere i separate dokument.

Søker du om stønad til kjøp av utstyr må du finne ut kor mykje utstyret kostar. Førebu eit budsjett og lim gjerne inn pristilbod eller lenker til nettstad med priser. I eit separat dokument må du skrive ei grunngjeving på kvifor de treng dette utstyret, og korleis dette vil betre, utvikla eller auke aktiviteten i gruppa. 

Har du spørsmål til søknadsprosessen? Send en mail til student.sogndal@sammen.no

VIKTIG! Les informasjonen under om søknadsbehandling og vilkår før du søker.

Søknadsbehandling og vilkår


Som enkeltperson:

Er du ein student som ønskjer å skape aktivitet for andre studentar? Herleg! Då vil vi gjerne støtte deg!

Du kan søka til Saman sitt trivselsfond for aktivitetar som bidrar til at studentar møtast. Dette kan vere grilling i ein park, quiz med klassen, leige av skøyter eller noko heilt anna! Det viktige er at det skapar aktivitet, og at de inviterer med nokon de ikkje kjenner så godt. Vi kjem ikkje til å støtte grupper der alle kjenner kvarandre godt frå før, så bruk denne moglegheita til å inkludere nye!

Trivselsfondet ønskjer å støtte lågterskel, kreative aktiviteter. Kor mykje de får i stønad avhenger av kva de ønskjer å gjere, og at det er i tråd med fondet sitt overordna mål om å skape nye vennskap. Så dersom de ønskjer å organisera aktivitetar som ikkje i like stor grad legg til rette for samhandling (som t.d. paintball eller RiB-safari) må de vere førebudd på å dekke ein større del sjølv. Dersom ein planlegger ein aktivitet meir tilrettelagt for at ein blir betre kjend med kvarandre (t.d. Quiz for kullet som ikkje kjenner kvarandre så godt endå) så tek vi gjerne ein større del av rekninga.

Dersom de ønsker stønad til eit større, opent, arrangement som t.d. ei samling for heile kullet, ein liten festival, eller noko heilt anna, så tek vi gjerne i mot søknaden dykkar. Jo større arrangementet er, jo meir utfyllande forventer vi at søknaden er. Det skal då leggast ved eit søknadsbrev/prosjektbeskrivelse samt budsjett i søknadsskjemaet.

Kor mykje kan ein få?

Trivselsfondet støtter maks kr 150 per deltakar per døgn for lågterskel tiltak. For aktivitetar som krev billett eller kjøper ei teneste (t.d. paintball, eller kino), dekker vi inntil kr 100 per person. For mat og drikke dekker vi inntil kr 70 per person/døgn.

For større arrangement tek vi individuelle vurderingar, men vi oppfordrar søkarar til å vere kostnadsbevisste og vise dette i søknaden.

Rapporteringskrav for enkeltpersoner:

Ved innvilga stønad skal det sendast inn ein rapport med kvitteringar og bilete frå arrangementet/tiltaket, samt stadfesting på retur av evt. restbeløp. Overskot skal returnerast seinast 14 dagar etter gjennomført arrangement. Dersom dette ikke er gjort, kan Saman krevje heile tildelingsbeløpet attende.

 

Som studentorganisasjon: 

Saman elskar studentorganisasjonar, og vil gjerne støtte dykk i å gi eit endå betre tilbod til studentane på Vestlandet! Dersom de ønskjer å arrangere lågterskel aktivitet, eit større arrangement, eller treng stønad til innkjøp av utstyr kan de sende inn ein søknad til trivselsfondet! De treng organisasjonsnummer for å kunne søke som ein studentorganisasjon.

Rapporteringskrav for studentorganisasjoner:

Studentorganisasjonar som søker med organisasjonsnummer må bruke midlane i tråd med vedtaket. Organisasjonar treng ikkje å sende inn rapport etter arrangementet, men må kunne vise til  kvitteringar for kjøp ved kontroll. Saman vil gjennomføre stikkprøver av kvitteringar, så desse må lagrast fram til 31.juni 2022.


kva vektleggast ved tildeling?
Vurderinga om kva tiltak som får innvilga stønad vil vere skjønnsmessig, og søknadane vil bli vurdert etter følgande kriteriar:

  • Om tiltaket skapar aktivitet og vennskap blant studentane.
  • Om tiltaket er retta mot, og er opent for, store delar av studentmassen.
  • Kvaliteten på tiltaket.
  • Om tiltaket vil bli gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar.
  • Ved større arrangement: at det finnes ein plan for marknadsføring av tiltaket.

Søknaden vil bli vurdert heilheitleg og i tråd med føremålet. Det er ikkje eit krav at alle kriteria er innfridd, men i ein prioriteringssituasjon vil det bli lagt vekt på kor mange kriteriar tiltaket innfrir. Kvart enkelt tiltak treng ikkje treffe ein majoritet av studentmassen, men i totalvurderinga vektleggast det at pengane treff ein større del av studentmassen. Det vektleggast positivt dersomein kan syne at ein har forsøkt å redusere kostnadar knytt til initiativet, eksempelvis ved å velje eit meir remeleg alternativ.

Vi vil oppfordra til å søke raskt – og gjerne søke om meir stønad til fleire liknande tiltak seinere, om det første blir vellukka..

Trivselsfondet støttar ikkje:

  • Innkjøp av alkoholhaldige drikkevarer.
  • Generell driftsstøtte for ein organisasjon.
  • Generelle innkjøp eller investeringar.

Det skal søkas om midlar til konkrete enkelttiltak. Om du eller organisasjonen din ønskjer å gjennomføre fleire ulike tiltak, må ein sende inn fleire individuelle søknadar.


Behandlingstid for søknadane
Søknadane vil bli behandla fortløpande gjennom semesteret. Behandlingstida vil vere 1-3 uker.

Har du spørsmål ? Send en mail til student.sogndal@sammen.no