Søk midlar frå Trivselsfondet

Saman delar no ut midlar til enkeltstudentar og studentorganisasjonar som har gode idear til aktivitetar og tiltak for studentar.

Føremålet med Trivselsfondet er å skape sosiale møtestedar for studentar under pandemien. Potten på 500 000 kroner skal gå til studentar og organisasjonar som vil skape engasjement og studentaktivitet. Det kan vere å arrangere Kahoot på Zoom med klassen, invitere nye medstudentar med på grilling på Byfjellene eller noko heilt anna.  

Vårt overordna mål er å skape varige vennskap, og Trivselsfondet er eit ledd i dette. 

Kva kan ein søke om støtte til? 

Her er det berre fantasien som setter grenser. Saman sitt krav er at midlane skal brukast til nye tiltak eller arrangement, og ikkje til å finansiere allereie eksisterande arrangement og ordningar. Tiltaka er meint for å byggje og vedlikehalde sosiale relasjonar, og forhindre einsemd. 

Treng de ekstra midlar for å leggje til rette for smittevernvennlege arrangement, kan de også søke om det. Støtta vil kunne nyttast til både digitale og fysiske arrangement, og må gjennomførast etter gjeldande retningslinjer for smittevern. 

Kvar søknad skal gjelde for eit tiltak, og ein person/organisasjon kan søke fleire gonger til ulike tiltak. 

Kva blir vektlagt ved tildelinga? 

Vurderinga om kva tiltak som får innvilga støtte vil vere skjønnsmessig, og søknadane vil bli vurdert etter følgjande kriterium

  • Om tiltaket skapar aktivitet blant studentane. 
  • Om tiltaket er rettet mot, og er opent for, store deler av studentmassen. 
  • Kvaliteten på tiltaket. 
  • Tidsperspektivet tiltaket er planlagt i. Me ønsker snarleg aktivitet. 
  • Om tiltaket vil bli gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar. 
  • Ved større arrangement: at det finst ein plan for marknadsføring av tiltaket. 

Søknaden vil bli vurdert heilskapleg og i tråd med føremålet. Det er ikkje eit krav at alle kriteria er innfridd, men i ein prioriteringssituasjon vil det bli lagt vekt på kor mange kriteriar tiltaket innfrir. Kvart einskilt tiltak treng ikkje treffe ein majoritet av studentmassen, men i totalvurderinga vektleggjast det at pengane treff studentmassen breitt. Både enkeltstudentar og studentorganisasjonar kan søke Trivselsfondet om å få dekk alle kostnadar ved eit tiltak, eventuelt deler av summen. 

Me vil oppfordre om å søke raskt – og gjerne søke om meir støtte til fleire liknande tiltak seinare, om det første blir vellukka. 

Trivselsfondet støttar ikkje: 

  • Innkjøp av alkoholholdige drikkevarer 
  • Generell driftsstøtte for ein organisasjon. Det skal søkast om midlar til konkrete enkelttiltak. Om du eller organisasjonen din ønsker å gjennomføre fleire forskjellige tiltak, må dette søkast om i individuelle søknadar. 
  • Generelle innkjøp eller investeringer. 

Behandlingstid for søknadane 

Søknadane vil bli behandlet fortløpende gjennom semesteret, og det er inntil vidare ikkje satt ein endeleg frist. Behandlingstida vil vere 1-2 veker 

Slik søker du om støtte 

For å søke om støtte må du fylle ut søknadsskjemaet, og leggje ved eit enkelt budsjett. 

Søk her

Gjennomføringsperiode er vårsemesteret 2021 (innen 30. juni 2021). Alle fysiske arrangement bør kunne justerast dersom det kjem endra smitteverntiltak eller kunne gjerast digitalt, slik at me sikrar at arrangementet kan gjennomførast.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med prosjektkoordinator for sosiale lågterskeltiltak Ane Arnestad på ane.arnestad@sammen.no 

Sammen Studentliv kan også bistå med hjelp/veiledning enten for digitale arrangement og tekniske løsningar eller veiledning om smittevern på fysiske arrangement.