Møt vinnarane av studentprisen 2021
Studentprisen er ein pris Studentsamskipnaden på Vestlandet deler ut til ein eller fleire studentar som har utmerka seg spesielt i sitt arbeid for sitt studentmiljø i Sogndal og Førde.
Det er studentane sjølve som har sendt inn nominasjonar, som vidare er vurdert av ein jury av representantar frå Saman, HVL og Studentcampusrådet.
På biletet: Styreleiar Amalie Lunde (i midten) med vinnarane av Studentprisen 2021 Anton Aleksander Kalstadbakken (t.v.) og Johanne Sofie Iversen (t.v)
Studentmiljøa i Sogndal og Førde er avhengig av frivilleg innsats for å fungere, og me ønskjer å visa at me set stor pris på eldsjelane som set inn eit ekstra gir for å bidra til fellesskapet.
I år fekk med inn mange gode nominasjonar, som gjorde valet venskeleg for juryen. Det vart difor 2 vinnarar, ein frå kvar studiestad, som fekk utdelt kr 5000 kvar for sitt engasjement for sine medstudentar.
Vinnaren frå Sogndal er Johanne Sofie Iversen, som nyleg er vald inn som campustillitsvald etter sitt arbeid som instituttillitsvald.
Sjølv vart ho overraska over at ho vann:
- Å bli nominert av ein medstudent er ei stor ære! Eg er veldig audmjuk over at arbeidet eg gjer blir lagt merke til. Eg vart overraska over at eg vann. Det var mange gode kandidatar som fortente like mykje merksemd kring arbeidet dei gjer som meg. Men det er jo så klart veldig stas!
Kva er motivasjonen din for å bidra så mykje som du gjer til studentmiljøet?
- Å bidra til studentmiljøet kjennes veldig naturleg for meg. Eg synes det er utruleg artig og givande arbeida med og for folk. Eg brenn for rettferd og likestilling, og ønskjer at alle skal ha det bra på campus. Campus skal vere opent og inkluderande, ein samleplass for alle uavhengig av deiras bakgrunn.
Det er kanskje fleire som sit litt på gjerdet og lurer på om dei skal bli med i ein studentorganisasjon eller engasjere seg i studentpolitikken, kva er ditt tips til dei?
- Om ein lurer på om ein skal engasjere seg tenkjer eg at ein berre må prøve! Det er veldig givande, og ein blir kjend med mange nye og spennande folk.
Vinnaren frå Førde, Anton Aleksander Hansen Kalstadbakken, er like audmjuk i sitt svar om kva han tenkjer om å vere nominert og kåra til vinnar.
Kva tenkjer du om at du vart nominert av medstudentar til studentprisen?
- Det var veldig hyggeleg! Det betyr at jobben eg har gjort for studentane har blitt sett og verdsatt.
Korleis var det å vinne?
- Det var veldig overraskande! Eg hadde ingen forventning om at eg skulle vinne. Tenkte at eg skulle ha ein hyggeleg tur til Sogndal med vener. Det var eit ekstra stort pluss.
Anton har, og har hatt, fleire verv både i studentorganisasjonar og studentpolitikken. Mellom anna er han campustillitsvald for campus Førde og aktivitetsleiar i SiF(Studentsamfunnet i Førde) og har arbeida fram fleire gode tilbod for studentane i Førde.
For han har det handla om å laga ein aktiv og verdig studiekvardag for medstudentane sine. Tilbodet han hadde som student i Sogndal motiverte han til å arbeide for eit like godt tilbod for studentane i Førde då han starta å studere der.
Lurer du på å engasjere deg i studentpolitikken eller ein studentorganisasjon? Her er Anton sitt tips til deg:
- Ver aktiv. Ingen idear er for store eller for dumme! Har du ein tanke, ta det opp med resten av styret og få det gjort. Tenk på kva du saknar, det er sikkert fleire som saknar det same.
Me gler oss til å sjå kva meir Anton og Johanne får til i tida framover, i lag med fleire engasjerte og dyktige medstudentar!
Har DU lyst til å arrangere ein samling for medstudentar som t.d. middag, kino, spillkveld, båltur med pølsegrilling eller noko heilt anna?
Me vil gjerne bidra til aktivitetar som legg til rette for nye vennskap og eit godt studentmiljø! Difor kan ein få stønad til slike aktivitetar via Trivselsfondet.