SHoT-undersøkinga: Korleis har du det?
Mellom 08.februar og 13.mars blir Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) 2022 gjennomført. Formålet er å kartlegge norske studenters helse, livskvalitet og studieprestasjon.
Målet med undersøkinga er å klargjere psykososiale forhold og korleis desse verker inn på studiesituasjonen og kvardagen. Denne kunnskapen vil nyttast for å gjere velferdstilbodet til studentane enda betre. Vi ønskjer difor at alle studentar, same korleis dei har det, svarer på undersøkinga.
Ved å delta i undersøkinga er du med i trekkinga av 100 gåvekort på 500 kr. Undersøkinga er heilt anonym.
Du kan svare på undersøkinga her.
SHoT-undersøkinga er nasjonal og gjennomførast av Folkehelseinstituttet på oppdrag frå studentsamskipnadane SiO, Saman og Sit.