Bli vår nye SoMe-reportar!

Vi er på jakt etter ein student som vil vere med på å gi følgarne våre eit innblikk i kva Saman og bygda kan tilby studentane våre i Sogndal. Gjerne på ein kreativ og underhaldande måte.

Du studerar ved HVL, du er tett på studielivet, har ein fleksibel kvardag, og kan ta på deg oppdrag på dagtid.

  • Utadvendt og uhøgtideleg
  • Kjennskap til Facebook, Instagram og Snapchat og kva som finnes der
  • Kreativ
  • God på kommunikasjon

Forventa arbeidsmengd for Saman SoMe-reporter vil vere inntil 10 timer per veke i den travlaste tida, med varierande arbeidstid og mengd. Mange av oppdraga vil vere på dagtid, men og noko på kveld og i helg. SoMe-reportaren vil kunne nytta seg av fleire av Saman sine tenester. Stillinga er timelønna basert på arbeidsmengda.  

Du vil inngå i vårt sosiale medier-team der vi arbeider i lag med idéar og produksjon av innhald.

Har du lyst til å bli vår SoMe-reporter?

  1. Fyll ut dette skjemaet

  2. Send 3-5 Snaps til @samansogndal der du viser oss nokon kreative bilete/klipp om eit emne relatert til det å vere student i Sogndal. Bruk gjerne Snapchats funksjonar kreativt, samt ein miks av bilete og video, for å vise tipsene dine visuelt.
    (OBS! Kjem det ikkje fram av brukarnamnet ditt kva namnet ditt er må du hugse å fortelje oss det i første snap)

Søknadsfrist: søndag 24.februar kl. 23.59