Ledig stilling som tilkallingsvikar

Me søker etter ein tilkallingsvikar som vil arbeide i vår kafè og kaffibar på campus. Me ynskjer ein serviceinnstilt person, som har interesse for mat og kan hjelpe oss med ulike oppgåver i travle periodar.

Arbeidsoppgåver vil vere:
- Enkel matlaging
- Betjene kasse og kaffimaskin
- Kundekontakt
- Etterfylling av varer
- Reinhald og oppvask

Personlege eigenskapar:
- God serviceinnstilling
- Er ryddig, strukturert og trivst med høgt arbeidstempo
-Kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel og ha moglegheit til å jobbe noko kveld og helg

Opplæring vil bli gitt og lønn etter avtale.

Ta kontakt med
- Hugo Wikan på epost hugo.wikan@sammen.no eller tlf. 907 64 585
- Camilla V. Melheim tlf. 906 86 248