One pot pasta

Kjør deg opp med ein deilig one pot pasta på en torsdag! Den passar bra på ein hybelkomfyr, sidan ein berre treng å bruke ei panne eller gryte.

Her kan du også bruke alt du vil av grønsaker, dei som er i oppskrifta er berre eit forslag. 

Dette treng du:

1 ts olivenolje 
2 fedd kvitlauk 
1 lauk, finkutta
1 squash i biar
1 paprika i bitar
1 brokkoli i små bitar 
1 liten boks mais
800 g knuste tomatar på boks 
2 ss tomatpuré 
375 ml grønsaksbuljong
1 ts italienske urter, basilikum eller ei blanding 
½ ts chili pulver eller ein halv fersk chili 
250 gr pasta, penne eller ziti t.d.
Valfri ost til topping. 


Slik gjer du:

Varm olje i ei stor gryte på medium varme og steik lauk og kvitlauk i eit par minuttar. Skru opp varmen til litt over medium og tilsett paprika og squash, steik vidare i 2 minuttar. Tilsett så alt, utanom pasta og brokkoli, og varm til det begynner å koke. Når det koker, skru ned varmen på medium att og tilsett pasta og brokkoli. La det koke under lokk i 10 minuttars tid, så utan lokk 3-4 minuttar medan du rører i gryta. Når mesteparten av væska er absorbert av pastaen er det klart. Då kan du endeleg ha på reven ost av ønskt type og mengd. 

Bon apetitt!