Veggislasagne
Oppskrift:
1 løk
3 gulrøtter
2 fedd kvitløk
1/2 chili
1 paprika
200-250 g spinat
200 g feta (nøytral)
400 g hakka tomater
1-2 ss tomatpuré
400 ml kokosmjølk (1 boks)
200 g revet ost
Lasagneplater
Slik gjer du:
Kutt opp grønsakene i biter. Steik løk, kvitløk og chili blanke i ei litt stor gryte/panne. Ha i grønsakene (utanom spinaten) og la det putre i eit par minuttar. Om du vil kan gulrøttene også raspas for ein mjukare konsistens.
Ha i heile boksen med hakka tomater, 3/4 av boksen med kokosmjølk og smak til med 1-2 ss tomatpuré, salt og pepar. La det putre på medium varme i eit kvarter.
Steik gjerne spinaten i ei panne til den fell saman og hell av eventuell overflødig væske.
Hell blandinga i den ildfaste forma til det dekker botnen. Legg på spinat og fetaost før du legg på på lasagneplater. Gjenta prosessen til du er tom for blanding. Hugs at du skal avslutte med saus, og at det siste laget må dekke alt av lasagneplater, elles blir dei ikkje mjuke. Strø over ost på toppen.
Sett forma i omnen på 200 grader i 30 minuttar.
Server gjerne med brød og/eller salat.
Blir det rester er det ein nydeleg lunsj til dagen etter, men hugs at den inneheld spinat og bør difor ikkje varmas opp att*. Den er uansett veldig god kald!
*Bladrike grønsaker som spinat bør ikkje varmas opp fleire ganger, då dei frigjer eit stoff ved oppvarming som kan vere skadeleg i store mengder.