Søvnkurs for studentar!
Slit du med å sovne for kvelden? Søv du uroleg eller vaknar du for tidleg? Då er søvnkurs noko for deg! Oppstart 10.februar i Sogndal.
Stad: Kurset vil vere på høgskulebygget i klasserom Stad, 2091
Søvnkurset for studentar går over 2 dagar, tidspunkt begge dagar er 16:00-18:00.
Første kurs: Torsdag 10.02
Andre kurs: Torsdag 17.02
På kurset vil du lære om
- Søvn og søvnvanskar
- Me kartlegg søvnvanane dine
- Du får gode råd for at søvnen din skal bli betre
- Gode avkoplingsteknikkar
God søvn kan hjelpe deg med å betre konsentrasjonen og humøret.
Kurset er eit samarbeid mellom Saman og Frisklivssentralen i Sogn.