Søvnkurs

Kl. 16:00, 9. februar 2023
TBA
Slit du med å sovne for kvelden? Søv du uroleg eller vaknar du for tidleg? Då er søvnkurs noko for deg! Oppstart 9.februar i Sogndal.

OBS! Påmeldingsfrist 2.februar

Søvnkurset for studentar går over 2 dagar, tidspunkt begge dagar er 16:00-18:00.

Første kurs: Torsdag 9.02

Andre kurs: Torsdag 16.02

Kurset er for deg som har utfordringar med søvn og ønskjer å gjera noko med det. Målet er at du skal lære om søvn og gode søvnvanar, bli meir nøgd med søvnen din, og sova betre. På kurset får du auka kunnskap og ulike verktøy for vidare arbeid med søvn. 

God søvn kan hjelpe deg med å betre konsentrasjonen og humøret.

Kurset er eit samarbeid mellom Saman og Frisklivssentralen i Sogn.