Sov godt - digitalt kurs

God søvn gjer det lettare å lære og studere! God søvn fremjar psykisk og fysisk helse.​

Kurset passer for deg som får for lite søvn, har vanskar med å sovne eller halde på søvnen, eller er vaken og trøytt på andre tider av døgeret enn du ønsker.

  • kanskje er noko ukonsentrert, gretten eller søvnig på dagtid? Mange opplev at det er vanskelegare å halde på viljestyrke og jamn innsats når ein har søvnunderskot.
  • er motivert til å leggje inn ein eigeninnsats mellom kursdatoane.

Kursinnhald:

  • Lær om søvn og døgnrytme.
  • Kartleggje tankefeller, søvn over tid med meir.
  • Lær kva som styrer søvn, søvntrykk og våkenheit, og lær gode råd som inviterer søvnen inn.
  • Lær ulike metodar som har dokumentert effekt på søvn og døgnrytme, til dømes avspenningsteknikk, søvnhygiene, tanke- og adferdsmetodar.

I tillegg ser me på samspel miljø-individ i eit biologisk og sosialt perspektiv. Kanskje er det ikkje så rart at studentar ofte har søvnproblem - me utforskar både årsaker og løysingar. 

DATO/TID/STAD                                                                                                                     Måndag 22. februar 13:15 - 15:00.                                                                                          Måndag 8. mars 13:15 - 15:00. 
Måndag 15. mars 13:15 - 15:00.                                                                                         
Måndag 22. mars 13:15 - 15:00.                                                                                      

Tilbud om oppfølging 19. april, same tid.

Kurset er digitalt og går over 4 samlingar. Du må kunne sette av alle fire kursdatoane.    

Kursholder: Ruth Velsvik (ruth.velsvik@sammen.no)

Kurset er gratis for studentar, dette er eit tilbod for dei studentane som har betalt semesteravgift haust 2020 eller vår 2021. 

Avmelding må skje seinast innan kl. 15:00 to dager før kursdato. Ikkje meldt forfall belastes med eit gebyr på kr. 300,-.