Prokrastinering - Digitalt kurs

Slit du med å kome i gang med studia dine? Då er dette kurset noko for deg.

Utsetjer du naudsynte oppgåver, finn det vanskeleg å halde ut eller finne struktur i kvardagen? Tenkjer du "eg utsetjer så mykje at eg ikkje når måla mine",  eller at alle utsetjingane går på trivselen laus?

Mange studentar prokrastinerer. I dette kurset får du ei kort innføring i fenomenet prokrastinering (utsetjaråtferd). Kurset er samansett av føredrag, gruppesamtalar (til dømes kring kasus) og øvingar.

Du får prøvd ut ulike verktøy for utsetjaråtferd, og blir kjend med ulike typer råd og tiltak.

DATO/TID
Måndag 23.11 - kl 13:15 - 15:00

Fredag 4. desember - kl. 13.15  - 15.00 

Kursa er digitale, du mottar link til pålogging i forkant av kurset.

Kurshaldar: Ruth Velsvik