Jobbsøkarkurs HVL - digitalt
Kl. 13:15, 2. mars 2022
Skal du søke jobb, og ønskjer tips til korleis skrive ein god søknad og cv? Eller treng du tips til jobbintervjuet? Bli med på jobbsøkarkurs!
Det er Turid og Kirsti frå Karrieresenteret på campus Sogndal som held kurset. Kurset er digitalt på Zoom, og du får tilsendt lenka om du melder deg på.
På kurset lærer du om:
- kartlegging av eigen kompetanse
- korleis finne jobbane
- korleis skrive ein god jobbsøknad og cv
- korleis gjere eit godt jobbintervju