HVL jobbsøkarkurs

Kl. 13:15, 8. februar 2023
Campus, Sogndal
Skal du søke jobb, og ønsker tips til korleis skrive ein god søknad og cv? Eller treng du tips til jobbintervjuet? Bli med på jobbsøkjarkurs med Kirsti og Turid frå Karrieresenteret, campus Sogndal!

På kurset lærer du om:

  • kartlegging av eigen kompetanse
  • korleis finne jobbane
  • korleis skrive ein god jobbsøknad og cv
  • korleis gjere eit godt jobbintervju

"Kartlegging av kompetanse og kompetansepyramiden var utruleg nyttig for meg!" - student på tidlegare jobbsøkjarkurs

"Supert kurs! Dette kurset hadde «alt» om jobbsøkjarprosessen frå a-å! Veldig nyttig! Perfekt timing; eg skal på jobbintervju i morgon!" student på tidlegare jobbsøkjarkurs