Intervjutrening - digitalt kurs

Dei fleste jobbintervjuer føregår no digitalt. Det kan vere uvant og by på nye utfordringar. På vårt digitale intervjutreningskurs får du høve til å øve før det verkeleg gjeld. Alle kurs er på norsk.

På grunn av COVID-19 situasjonen i Norge vil dei fleste jobbintervju framover føregå digitalt (via videolink). Kurset gjev deg moglegheita til å trene på ein digital intervjusituasjon, med erfarne veiledarar frå Saman sitt Karrieresenter i Bergen. Deltakarane blir delt inn i grupper med tre studentar og ein intervjuar. Når du ikkje sjølv blir intervjua, vil du kunne sjå intervjua av dei to andre i gruppa.

Kurset inneheld:

  • Innleiing om kva som er viktig på intervju, som oppvarming før sjølve intervjuet

  • Trening i grupper på tre studentar med ein intervjuar

  • Evaluering og tilbakemelding

Ved påmelding må du laste opp CV og ein aktuell stillingsannonse, begge i PDF eller Word-format. Me brukar desse som utgangspunkt for intervjuet.

Kurset holdast digitalt via videolink. Du blir kontakta i forkant av kurset for meir informasjon.

Kurskoordinator: Idar Nestaas

Kurset er gratis for studentar som betalar semesteravgift. Dei som ikkje melder forfall vil bli belasta med kr 300.