Saman-psykologanes råd for å takle kvardagen betre

Dagens situasjon er krevjande for mange av studentane våre. Den sosiale omgangen er mindre eller annleis enn før, mange har det tøffare økonomisk og ein må i stor grad gjennomføre oppsatte planar for semesteret på nye måtar. Desse plutselege endringane har innverknad på den enkelte student ulikt, og våre psykologar har samla ein del råd som kan vere nyttige for veldig mange.

  • Hald deg i aktivitet
    Gå turar, lag nye matrettar, les bøker, ha ei alternativ treningsøkt i stova.   

  • Etabler rutiner - lag ein plan for dagen
    Struktur er veldig viktig når dei vanlege faste haldepunkta i kvardagen er fråverande. Ha rimelege målsettingar for kva du ønskjer å få gjort i løpet av dagen, det tar tid å innarbeide nye rutiner.

  • Hald kontakten med dine medstudentar
    Bruk nettløysingar til å halde kontakten med dei du vanlegvis arbeider og omgås mykje med. Del erfaringar om korleis de arbeider, løyser oppgåver og kva som er utfordrande. Dette kan hjelpe til å halde motivasjonen oppe og er ein fin sosial arena. Avtal gjerne faste møtepunkt.

  • Ikkje bruk for mykje tid på korona-oppdateringar
    Dette kan trekke merksemda di vekk frå dine planlagde gjeremål. Ha fokus på ting du kan gjere noko med. Jobb aktivt med å ikkje la deg påverke av ting som ligg utanfor din kontroll. 

Psykologane i «Assistert selvhjelp» har laga eit lite mestringsverktøy for deg som synes livet er i overkant utfordrande akkurat no.

Saman har ei eigen «pratelinje» for studenter du kan ringe om du kjenner deg åleine og treng nokon å snakke med, eller strever med å takle endringane i kvardagen. 

Vår rådgjevar er klar til å ta i mot timebestilling om du har behov for det. Vi tilbyr samtalar på telefon eller video.