Studenttelefonen
Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lågterskelstilbod for alle studentar og elevar som treng nokon å snakke med.
Uansett kva du tenker på kan du snakke med Studenttelefonen. Dei har god kjennskap til studentlivet, og har teieplikt.
Telefon og chat
Telefon og chat er open alle dagar frå kl. 17:00–07:00 (også i helgar og høgtider).
Telefonnummer: 116 123 og tast 3
Telefonnummer frå utlandet: +47 911 16 123 (teleoperatøren sine prisar gjeld)
Du kan også chatte med Studenttelefonen.
Studenttelefonen er eit samarbeidsprosjekt med Mental Helse Hjelpetelefonen og helsepersonell ved SiA, SSN og KoRus Sør.