Sjølvhjelp
Ønsker du å jobbe på eiga hand med å betre di psykiske helse?
Det finst mange gode meistringsverktøy på nett. Dei viser korleis du kan få det betre i forhold til uro, nedstemtheit, sjølvfølelse, søvn, perfeksjonisme og mykje meir. Er du usikker på om det du strevar med krev kontakt med helsetjenesta eller ikkje, kan sjølvhjelp vere ein bra stad å starte. Du bestem sjølv når og kor mykje tid du vil sette av. Dette gjer det lettare å tilpasse i ein travel kvardag. Som med alt endringsarbeid vil også sjølvhjelp forutsette innsats over noko tid for å komme i mål med endringar.