Få ein god struktur på din studiekvardag
Korleis kan du få unndå skulearbeid og samstundes ha tid til å leve studentlivet? Me delar fire råd til korleis du kan strukturere studiekvardagen din.
Som student har du fridom til å legge opp dagane slik du sjølv ønsker. Det er likevel ikkje enkelt å balansere alle gjeremål i kvardagen. Så korleis kan du vere effektiv og produktiv i studiekvardagen, og samstundes ha tid til venner og fritidsaktiviteter? Trikset er å skape ein god struktur i kvardagen. Me delar fire råd til korleis du kan gjere dette.
- Lag ei studiedagbok
Mange studentar er usikre på korleis dei skal studere. Nokre får derfor ikkje komme i gong med studia, medan andre jobbar lange dagar utan å få særleg læringsutbytte. Då kan det vere nyttig å lage ein plan for kvardagen. Studiedagboka kan hjelpe deg med å planlegge studiedagane dine, slik at du kan sette rammer for kvardagen.
Lurer du på korleis du kan lese mest mogleg effektivt? Sjå våre tips til gode studieteknikkar. - Legg opp til at studia er ein fulltidsjobb
Som student kan ein lett få ein følelse av å aldri ha heilt fri. Det er alltid ei pensumbok som bør lesast, ei innlevering som bør skrivast eller øvingsoppgåver som bør gjerast. For å kunne ta fri med god samvittigheit kan det vere nyttig å behandle studia som ein vanleg fulltidsjobb. Lag ei fast rutine for når du skal starte å studere og når du skal legge frå deg pensumbøkene. Ha eit fast start- og sluttpunkt, og ta heilt fri i helgane. Når du er ferdig med arbeidsdagen anbefalast det at du legg studiane heilt frå deg og brukar tid på noko som gjev deg energi.
- Opparbeid ein døgnrytme
Som student er det mykje å vere med på. For å få døgnet til å strekke til er det mange studentar som nedprioriterar søvn. Dette vil likevel gå utover di evne til å fungere i kvardagen.
For å få tilstrekkeleg med søvn er det viktig å opparbeide ein god døgnrytme. Det vil kunne gje deg energien og konsentrasjonen som krevjast for å få unndå dine daglege gjeremål. - Lær deg å prioritere
Du vil ikkje alltid ha tid til alt. Sjølv om du kanskje skulle ønske at du kunne få toppkarakterar, ha deltidsjobb, jobbe frivillig, vere sosial, trene og ete sunt, så er det heilt vanleg å ikkje få til alt dette. Me har kun 24 timar i døgnet, og for dei fleste er ikkje dette nok til å strekke til på alle områder. Bestem deg derfor for kva som er viktigast for deg, og prioriter dette over det som er mindre viktig. På den måten blir det enklare å legge opp dagane, samstundes som du vil kunne sette meir realistiske krav til deg sjølv. Å meistre krava vil ofte gje auka motivasjon.